Sals og leveringsvilkår

Utstedelsesdato: 13. februar 2019

1. Innhald

Desse sals og leveringsvilkåra (“Vilkåra”) gjeld for levering av konsulenttenester frå Software Applications AS (“Swapps”) til Kunden. Eventuelle endringar i vilkåra skal avtalast skriftleg mellom Swapps og Kunden. Dersom Swapps leverer programvare eller utstyr frå andre produsentar eller leverandørar separat eller som del av ei samla leveranse, vil desse produsentane eller leverandørane sine eigne sals og leveringsbetingelsar og garantiar mv. vera gjeldande for denne del av leveransen.

2. Konsulent- og serviceytelsar

Swapps leverer konsulenttenester til Kunden etter avtale. Det kan til dømes vera ein enkel førespurnad om ei rådgjevingsteneste eller utvikling av eit dataprogram/APP. Swapps leverer tenester etter oppdrag og/eller spesifikasjonar frå Kunde. Kunden har instruksjonsmyndighet og resultatansvar og er med dette ansvarleg for at Tenesta er tilstrekkeleg til å møte Kundens behov, krav og forventningar. Dersom Swapps ikkje mottek konkret tilbakemelding frå Kunden på tenestene Swapps har levert innan 14 dager etter levering, skal tenesta verta sett på som godkjent.

3. Prisar

Alle prisar er eksklusiv MVA og andre offentlege avgifter. Avtalte timepriser vert indeksregulert årleg i januar månad etter konsumprisindeksen utarbeida av Statistisk Sentralbyrå - https://www.ssb.no/kpi, tolv- månadersendring i KPI per desember året før prisendring.

4. Fakturering og betaling

Swapps fakturerer etter avtale, normalt med 14 dagers kredittid fra fakturadato. Ved sein betaling skal rentesats på 2% betalast per påbegynt månad. Ved eventuell møtevirksomhet hos Kunden vert reise/opphald etter statens satsar fakturert. Dersom ikkje fast pris er avtalt vil Swapps fakturera etter gjeldande timeprisar etter registrert tidsforbruk.

5. Immaterielle rettigheter

Partane deler all immateriell eigedom til kildekode som vert utvikla gjennom levering av tenesta. Swapps har full eigedomsrett til kildekode fram til fullt vederlag for tenestene er betalt.

6. Force Majeure

Ved force majeure skal partenes forpliktelsar bli suspendert så lenge force majeure-situasjonen varer. Force majeure dekker forhold parten ikkje kan styra over, dvs. ikkje kan hindra og eller vita om på førehand.

7. Ansvarsbegrensning

Partane tar på seg ansvar i høve til norsk lov sine generelle reglar med dei begrensninger og ansvarsfraskrivelsar som er gitt i desse vilkåra.

Swapps sitt totale ansvar for krav, inkludert kompensasjon kan aldri verta høgre enn det totale beløpet som Kunden har betalt for tenesta. Kunden har ikkje rett til å kreva erstatning for indirekte tap slik som, men ikkje avgrensa til, tap av forretningsmulighet, tap av fortjeneste, tap av goodwill, tap av data, inkludert tap knytta til gjenoppretting av data.

8. Lov og jurisdiksjon

Betingelsane, og alle tolkninar eller tvist som følge av den, er underlagt norsk lov. Ein eventuell tvist skal om mogeleg fyrst verta forsøkt løyst direkte mellom partane.