TENESTER


Utvikling av programvare for PC og APP

Utvikling av skreddarsydd programvare for kundar. Me utviklar også APPar til bruk på mobiltelefonar eller nettbrett, både for Android og IOS (Iphone).

Kommunikasjon programvare - maskinvare

Utvikling av kommunikasjonsløysingar der maskinar og utstyr skal kommunisera med eit dataprogram.

Utvikling av websider

Har du behov for nye nettsider for bedrifta di? Me kan gjera alt frå å vera med å hjelpa til i designprosessen/kravspesifikasjon til ferdig produkt. Nettsidene vil vera dynamiske og passa til alle skjermar, frå vanlig PC skjerm til nettbrett og mobiltelefon Me kan også hjelpa til med utforming av logo, og design av anna marknadsmatriell.

Utvikling av nettbutikk

Treng du ein nettbutikk til bedrifta di? Me hjelper til med alt frå design, strukturering og tilpasning av betalingsløysningar.

Drift av nettsider/nettbutikk

Me har eigen skytjeneste kor me kan drifta websidene eller nettbutikken din. Dette er ofte praktisk. Dersom du treng endringar kan med å raskt gå inn og hjelpa til med dette.

Engelskspråkleg brukarstøtte

Me har kundar innan offshore som har 1. linje support hos oss. Denne tenesta passar veldig godt til små/mellomstore bedrifter innan maritim næring eller oljeservice. No kan du sleppa å dra rundt med vakttelefonen. Kunden får kontakt uansett kortid på døgnet dei ringer eller sender mail. Me sørger for å gje beskjed til rette vedkommande i bedrifta di. All kommunikasjon og koordinering vert logga i vårt system. Kunden blir fornøyd med service og dine ansatte slepp stresset med å besvara vakttelefonen døgnet rundt. Denne tenesta kan også utvidast til on-site service etter nærare avtale.